Saman under sola i Førde

-Korleis er det når læremeistrane dine døyr? Slik spurde Benedicte Maurseth sin eigen læremeister på hardingfele gjennom 25 år, Knut Hamre i Haarklousalen laurdag ettermiddag. Sola skein inn alle dei store, opne glasa, endåtil dørene laut stå opne i sommarvarmen. Meisteren bøygde hovudet mot fela si, som han stødde mot kneet. Skulle han ikkje svare? Så snur han seg mot eleven sin og svarar, spørjande: -Ein kan vel vera i lag med dei likevel?

Under temaet ”World ConneXions” har Førdefestivalen denne helga feira sambandet og slektskapen mellom musikk, dans og song frå heile verda.  – Flamenco and Kathak. Two dances. One soul, forklarte den indiske kathak-danserinna Mahua Shankar til publikum, før ho vende seg mot Pilar Astola og gjekk i pardans med hennar energiske flamenco. For eit møte det var! Begeistra tilrop og trampeklapp fylte den allereie breiddfulle teatersalen.

- This was one of those moments were the spirit of the festival showed itself to us. Five voices calling out to each other, the music being the only language that mattered… Joyous, mesmerizing and wonderful” - Lopa Kothari fra BBC Radio 3. Kyrkjekonserten Voice ConneXions synte det same for songen som Dance ConneXions gjorde for dansen. Ein kan finne saman på tvers av land og kulturar, musikken startar der språket sluttar. --Førdefestivalen er eit kulturelt diplomati , sa statssekretær Bjørgulv Borgundvaag i sin opningstale. Opningsorda hans vart til musikk på denne festivalen!

Og musikken fekk verkeleg skine i eit strålande sommarver. -For ein folkefest det har vore, smiler ein like strålande festivaldirektør, Hilde Bjørkum. -Vi har vel aldri dekka festivalfrukost til så mange før? Vårt publikum er nysgjerrige og opne, dei går på konsertar med artistar dei aldri har høyrt om og når det klaffar tar det heilt av! I idrettshallen søndag ettermiddag til dømes. Med russiske Otava Yo. Kven kjende vel til  dei? Fem, seks hundre besøkande kom likevel, dansa og jubla. Slike opplevingar får eg berre ikkje nok av, smiler direktøren som har gjort nettopp det å gje publikum gode kulturopplevingar dei ikkje visste fanst, til eit varemerke.

-Korleis er det når læremeistrane dine døyr? Spørsmålet skapte ei andelaus stillheit i den ærverdige salen i Gamlebanken. Når svaret endeleg kom var det overraskande. Opnande og håpefullt: -Ein kan vel vere i lag med dei likevel? Slik denne festivalen har synt slektsskap og fellesskap på tvers av land og kulturarar har den også fornya tradisjonen, og halde den levande. Så mistar vi dei ikkje, dei som har bore han fram til oss. Vi kan vere i lag med dei likevel.

”World ConneXions.” Saman på tvers, både av rom og av tid. Slik var det å vere på Førdefestivalen denne helga, under sola. Som er den same, same kvar i verda du kom i frå. Takk for at du kom. Frå verda til Førde. På gjensyn!