Sjå årets opningskonsert på NRK nett-tv

Foto: Arve Ullebø.

Foto: Arve Ullebø.

I beste sendetid viste NRK årets opningskonsert frå Førdefestivalen. Sigrid Moldestad leia konserten, der omlag 2.000 publikummarar kunne oppleve artistar og grupper som FRIKAR, Fiddlers Bid, Unni Løvlid og duoen Catrin Finch & Seckou Keita.

NRK Sogn & Fjordane stod for produksjonen av sendinga. Konserten vart sendt på NRK1 laurdag 4.juli kl 20.10.

Fekk du ikkje med deg sendinga eller har du lyst å sjå den ein gong til? Her kan du sjå konserten på nett-tv.