Førdefestivalen – eit kulturelt diplomati

- Vi treng det kulturelle diplomati. På Førdefestivalen får kunstnarar, dei frivillige og publikum ei rolle som brubyggarar, sa statssekretær Bjørgulv Borgundvaag då han opna Førdefestivalen i kveld. Konferansier under opningskonserten Sigrid Moldestad sa det annleis, men bodskapen var den same: Opplevingane som ventar i festivalprogrammet i år er som å flyte jorda rundt på ei sky!

Med temaet ”World ConneXions” er det kulturelle diplomatiet nødvendig praksis for å lukkast i mange av årets nye konsertar. På tvers av land og kulturarar møtest dansarar, songarar, musikarar. Kva kan dei skape saman? Det fekk publikum smakebitar på i kveld. –Fantastisk! utbraut direktør Hilde Bjørkum etter konserten. –Eg er ubeskriveleg stolt av dei nye produksjonane våre!

Slik respons var kvelden full av, både i praten mellom dei tusentals publikummarane som rusla ut i sommarnatta, og på sosiale media: ”Folkemusikkfestivalen i Førde imponerer. Beste opningskonsert nokon gong. Gratulerer Hilde, Torill, Sølvi, Lene, Ingebjørg og Fride!”

-Som å flyte jorda rundt på ei sky. Slik skildra konferansier Sigrid Moldestad samspelet mellom Catrin Finch frå Wales og Seckou Keita frå vest-Afrika under den fullsette opningskonserten i Førdehuset i kveld. Slik kunne heile konserten vore skildra. Kanskje heile festivalen?

Årets tema ”World ConneXions” peikar mot kjerna i Førdefestivalen si 26 år lange verksemd. Ved å produsere heilt nye samspel, fornyar festivalen seg året etter den suksessrike jubileumsfestivalen i fjor. Med ny suksess. Kunstnarleg, men også publikumsmessig:
–Alle konsertane sel svært godt og sola skin! stråla ein nøgd og glad kommunikasjonssjef Torill Faleide i den lune sommarnatta på Jølstramuseet i går kveld. Intimkonsertar i dei små stovene baud publikum på nære møter med nokre av dei same artistane som var med i den spektakulære opningskonserten tidlegare på kvelden, noko som speglar den store variasjonen i festivalen si programmering.

Sjølv om årets festival er i startgropa er nokre høgdepunkt allereie forbi. Onsdag kveld tjuvstarta festivalen ved å invitere til dansekompaniet FRIKAR si verdspremiere på framsyninga ”Gotoguta”. Nokre minutt synte dei opp att under opningskonserten. Minutt som fekk publikum til å gispe! Så er det over, dei landar på beina. Slik Førdefestivalen har gjort og vil gjere i år også. Men først er det tid for å flyge – rundt jorda på ei sky.