Hald deg oppdatert med vår festivalapp!

I år kan du halde deg oppdatert på alt som skjer på festivalen via festivalappen -  Førdefestivalen - som du lastar ned gratis frå App Store og Google Play.

Her finn du program- og artistomtalar og du lagrar dine favorittar. Du kan kjøpe billettar, og du finn kart til alle arenaer. Du vil også sjå fotostraum av alle bilde merka med #førdefestivalen

Sei ja til meldingar!  

Ved å seie ja til å motta meldingar frå oss, får du direkte beskjed dersom det er noko spesielt som skjer, td endring i programmet eller andre ikkje planlagde hendingar.  Vi kjem ikkje til å bruke pushmeldingar for å promotere konsertar, men som ei rein varslingsteneste når det er noko som er viktig å få ut til publikum.