Oppsummering av Førdekonferansen 2015

To hovudtema stod i sentrum for Førdekonferansen 2015: Frivilligheita sin plass i kulturlivet og festivalane si rolle i samfunnet. I to sesjonar vart kring 90 deltakarar frå eit vidt spekter av det norske kulturfeltet utfordra og inspirerte av engasjerande innleiarar. Sjølv om temperaturen tidvis var høg og dei kulturpolitiske synspunkta delte, vart dei forsøksvise konklusjonane diplomatiske: Frivilligsektoren må handsamast på eigne premissar, som ein uavhengig samfunnssektor, og aktørar i kulturlivet og næringslivet må tenkje nytt, engasjere seg sterkare i kvarandre og lære av kvarandre sine suksessar.

Velkomen til "frivilliglandet" Sunnfjord!

Konferansen vart opna av Førde-ordførar Olve Grotle, som stolt kunne ynskje velkommen til ”frivilliglandet Sunnfjord”, der verdien av det frivillige arbeidet langt overstig dei kommunale budsjetta. Som den første av fleire innleiarar kunne Grotle slå fast at kulturlivet, med festivalane i ei særstilling, genererer store verdiar for og i lokalsamfunnet, både i form av klingande mynt i lokale kasser og mindre målbare storleikar som fellesskapskjensle, lokal stoltheit og positivt omdømme.

Styreleiar for Førdefestivalen, Kristin Hille Valla, si opningshelsing var i sin tur ein appell om å bruke konferansen som arena for nytenking. Hennar oppfordring til deltakarane var å tore å tenkje nytt i samhandlinga mellom kultur- og næringslivet, og å byggje felta sterkare gjennom gjensidig utveksling og aktiv deltaking.

All frivilligheit er tufta på tillit

Første sesjon, om kultur, frivilligheit og tillit, vart opna av Sturla Stålsett frå Frivillighet Norge. Hans bodskap var enkel, men klår: All frivilligheit er tufta på tillit. Tillit er ein verdi som ikkje kan aktivt skapast, men som kan nærast og styrkast gjennom riktige, gode vilkår. Aktiv deltaking i samfunnet gjev auka tillit til samfunnet, og skaper slik ei sterk samanhengskraft. Difor kan undersøkingar som viser at nordmenn har ei spesielt sterk samfunnstillit, langt på veg forklare nordmenn sitt sterke engasjement i frivilliglivet. Utfordringa er at verdiar som tillit og frivilligheit ikkje kan verdsetjast i kroner og ører. Den frivillige sektoren vert lett truga av den offentlege og den private sektoren sine instrumentaliserande rekneskap. Stålsett retta difor peikefingeren mot begge samfunnssektorar, og særleg det offentlege, sine ynskje om å målstyre og byråkratisere frivilligheita, og slik setje frivilliglivet sine grunnleggjande verdiar under press.

Frivilliglivet er eit fritidssamfunn

Ivar Eimhjellen frå Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor følgde opp med ei statistisk oversikt over utviklingstrekk i det norske frivilliglivet, med materiale henta frå dei siste 35 åra. Undersøkingane skildra små, men synlege endringar i nordmenn si deltaking i frivillig arbeid, definert som ulønna innsats, ikkje som ordinær deltaking i organisasjonsarbeid. Talmaterialet viser at det norske organisasjonslivet gjev ein viktig sosial og demokratisk infrastruktur, men høg tettleik av organisasjonar, medlemmer og frivillige. Undersøkingane har avdekt at den tradisjonelle vertikale kommunikasjonsstrukturen, med lokale, regionale og nasjonale lag, i dag dels er avløyst av frittståande organisasjonar, anten på lokalt eller nasjonalt nivå.

I løpet av dei siste 30 åra er det norske organisasjonslivet blitt mindre politisk og ideologisk orientert, norsk frivilligliv ber preg av å vere eit fritidssamfunn. På same måte ser ein at fleire er gjer ein tidsavgrensa innsats, er ”korttidsfrivillige”, og at det dermed er eit svekka band mellom organisasjonar og frivillige. Utviklinga syner samla sett ei fragmentering av feltet. Samtidig er fleire organisasjonar prega av sterkare toppstyring, med fleire løna tilsette, fleire styremøte og færre medlemsmøte. Likevel, eller nettopp difor, opplevast organisasjonslivet som meir konsensusstyrt. Undersøkingane syner at massen av dei som deltek mest i frivilliglivet, dei kjernefrivillige, samla sett er relativt stabil, men at fleire eldre gjer frivillig arbeid no enn tidlegare.

Innvandrarar: Jobbar frivillig, men for eigne saker

Samfunnsvitar og artist Lavleen Kaur kunne syne til ei rekkje eigne erfaringar der frivilliglivet spelte ei viktig rolle som arena for integrering og involvering. Hennar døme med innvandrarforeldre som gjerne arbeidde frivillig for eigne saker, men vegra seg for å delta på norsk dugnad, illustrerte effektivt bodskapen om at eigarskapskjensle og engasjement er alfa og omega for deltaking i frivilliglivet. For å tore å ta det første steget inn i ei ny sfære, må enkeltpersonar og grupper bli møtt med ei inviterande haldning.

Frivilligliv i endring

Tala frå frivillig innsats-undersøkingane synte små, men tydelege tendensar på at frivilliglivet er i endring. Knut Olav Åmås, direktør i Stiftelsen Fritt Ord, meinte endringane nok er større og viktigare enn tala kunne avsløre. Ei skeiv rekruttering til den frivillige sektoren, til dømes med underrepresentasjon frå etniske minoritetar, gjer den frivillige sektoren mindre representativ for samfunnet, og gjev personar og grupper mindre moglegheit for å ytre seg. Åmås sitt innlegg retta seg så mot personane bak tendensen, enkeltindivida i ein frivilligsektor som går gradvis mot profesjonalisering og straumlinjeforming. Stadig fleire betaler seg ut av frivillig arbeid og krev meir att for arbeidet, innsatsen synast kalkulert. Motivasjonen for frivillig innsats er ofte ikkje reelt engasjement, men eit ynskje om å byggje CV og nettverk. Enkeltsaksengasjement og facebook-aksjonar er uforpliktande, lettvint og symbolsk, men gjev ofte lite avkasting. – I den virtuelle forminga av tilværet vårt er det synlege det mest verdifulle. Frivillig arbeid er ofte lite synleg, og vert derfor mindre interessant. Når deltakinga i norsk frivilligliv likevel held seg jamt høg, må det vere fordi frivillig engasjement gjev rom for personleg utfalding og viktige mellommenneskelege møte.

Rekruttering via sosiale medier

Åmås sine kommentarar om Facebook-engasjement vekte ein diskusjonstrong i forsamlinga. I den avsluttande samtalen mellom Åmås, Stålsett og Kaur ytra fleire deltakarar uro for at rekruttering og informasjonsspreiing via sosiale medium kan ekskludere dei stadig fleire eldre deltakarane i frivilliglivet. Samtidig er sosiale media ein viktig arena for å rekruttere og organisere personar som ein elles ikkje når.

 

DEL II: FESTIVALAR SOM SAMFUNNSUTVIKLARAR

I konferansen sin andre del stor festivalen i sentrum, med spørsmål om kva posisjon festivalar kan og bør ha, lokalt og nasjonalt. Statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag i kulturdepartementet heldt ein engasjert appell for at private aktørar kan og bør auke verdiskapinga i kulturlivet, og sjå på kulturuttrykk som investeringar framfor utgifter. Det lokale næringslivet må lærast opp til å sjå nytten av å støtte lokal kultur, og både kulturinstitusjonane, det offentlege og næringslivet sjølv må bidra til dette skiftet. Ei sterk  lokal forankring av festivalar og andre kulturinstitusjonar er til gjensidig nytte for kulturlivet og næringslivet, for å utvikle lokalsamfunn og lokalt særpreg – på festivalen og kulturinstitusjonen sine premissar.

Forsking viser: Kultur er kakepynt 

I kontrast til den sterke ringverknadsoptimismen i eit fleirtal av konferanseinnlegga, kunne Bård Kleppe frå Telemarksforsking langt på veg avskrive visjonane om at kultur har praktisk nytteverdi. Kultur har ofte vore tilskrive nærast mirakeleigenskapar for kulturbrukarar, som å gje betre helse, karakterar og livskvalitet. På lokalsamfunnsnivå er det likeeins jubla om tilflyttingsauke og økonomisk vekst. Få undersøkingar kan belegge påstandane. Ein rein instrumentell kulturpolitikk kan altså ikkje forsvarast. – Men som kakepynt kan vel kulturen ha si nytte.

Magnetane Vinjerock og Bratt Moro 

Om stemninga sokk i takt med ufordelaktige statistikkar og strokne argument, vart ho fort løfta skyhøgt att. Tor Yttri frå sognefestivalen Bratt Moro og Julie Forchammer frå Vinjerock kunne begge vise tilflyttingsstatistikkar, frivilligtal og finansieringsmodellar som både kultursjefar og politikarar måtte måpe for. Festivalane står som skuleeksempel på at dei beste resultata kjem frå dei villaste ideane, og at enkeltpersonar med blindt brennande engasjement, og eit inkluderande fellesskap er dei absolutte hovudfaktorane for suksess. Yttri sitt viktige poeng i ringverknadsdebatten var at ein firedagars festival i seg sjølv ikkje gjev tilflytting, men at tilflyttinga kan auke om ein får vist fram ei breidde i kvaliteten i lokalsamfunnet. –Tilflyttings-statistikken til Sogndal kommune sidan Bratt Moro sin oppstart i 2008 taler for seg. Forchammer sine to kjepphestar for festivalsuksess er at festivalen må ha eit klårt særpreg, ein strategi for kva som skil nettopp denne frå andre, og at festivalen må vere større enn seg sjølv. For Vinjerock gjev den sterke lokalforankringa og kombinasjonen av kultur og natur ei unik merkevare. Felles for dei to arrangementa er entusiasmen, stoltheita og moglegheitene som vert henta frå lokale ressursar og spreidd til eit nasjonalt publikum.

Tenkje nytt

Den avsluttande samtalen mellom statssekretær Borgundvaag, Trude Storheim frå Vossajazz og Gunhild Berge Stang frå Noregs ungdomslag og Venstre vart ei meiningsbryting mellom kulturaktørar og næringslivsaktørar sine ulike politiske synspunkt. Temaet var festivalen si rolle i lokal samfunnsutvikling, i praksis ein diskusjon om positive og negative konsekvensar av offentleg kontra privat finansiering av kunst og kultur. Engasjementet vart stort, spørsmåla var mange, og konklusjonane var få, men klåre. Både store og små, fullkommersielle og ideelle kulturaktørar opplever det som krevjande å finne gode finansieringskjelder. Særleg dei ideelle kunstaktørane treng samarbeidspartar som løyver midlar på kulturen sine eigne premissar, så kunstnarane ikkje må gå på akkord med seg sjølv. Dette er per i dag utfordrande. Når samfunnet no er i endring og kulturlivet er avhengig av støtte frå det private næringslivet i stadig større grad enn før, må både kultur- og næringsverksemder tore å tenkje nytt kring sin sameksistens. Kultur og næring må lære av kvarandre og hente kunnskap frå den andre parten sine strategiar og suksessar. Kulturlivet har mykje å lære om profesjonalisering og sal, og næringslivet må sjå lærast opp til å sjå verdien av kultur som investering – i og for samfunnet, lokalt og nasjonalt.

– Slik vart då òg Førdekonferansen 2015 avrunda og oppsummert, nett som styreleiar Kristin Hille Valla erklærte innleiingsvis: ”Førdekonferansen skal skape bevisstheit om å skape retning for endring”. 

Førdekonferansen er eit samarbeid mellom Førdefestivalen, Sparebanken Vest, Høgskulen i Sogn og Fjordane, BRAK, Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Førde kommune.