Mange gratisarrangement på festivalen

Alt onsdag ettermiddag kan du oppleve FRIKAR-stunt på Torgscena i sentrum. 

Alt onsdag ettermiddag kan du oppleve FRIKAR-stunt på Torgscena i sentrum. 

Festivalprogrammet i år inneheld sjølvsagt mange arrangement som er gratis for publikum. Nytt av året er at også Morgonstund har gull i munn-konsertane onsdag, torsdag og fredag, er gratis for alle. Desse konsertane skjer i samarbeid med Nærleiken Barnehage (onsdag 1. juli) og Vieåsen Barnehage, avdeling Tussero (fredag 3. juli). Torsdag er Morgonstund-konserten lagt til tunet i Sunnfjord Museum. 

Laurdag er den store gratis-dagen, då er det både festivalfrukost, parade og gratiskonsert med danske BASCO på Torgscena. Søndagen er det igjen duka for herleg familiesøndag der du får høyre fleire av årets artistar rundt om  - inne og ute alt etter vêret - på Førdehuset.

I tillegg får du små smakebitar frå konsertprogrammet kvar dag - på Torgscena ved Elvetorget, og dessutan kan det jo hende du er heldig og dumpar bort i ein spontankonsert som ikkje er annonsert nokon stad. DET set jo litt ekstra krydder på festivaltilværet.  

HER her du full oversikt over gratisdelen av programmet.