350 frivillige i sving under Førdefestivalen

Kvart år er 350 frivillige med på laget når verda kjem til Førde. Dei frivillige arbeider med alt frå å vere artistkontakt, hjelpe til backstage, selge billettar til å lage mat på frivilligkjøkkenet.

Ingebjørg Nomeland organiserer det heile. Lurer du på korleis det er å ha ansvar for så mange frivillige? I dag vart Ingebjørg intervjua av NRK Sogn & Fjordane. Intervjuet kan du høyre på nettradioen til NRK, og her kan du lese nettsak om frivilliglivet under Førdefestivalen. 

Frivilligliv er også tema under årets Førdekonferanse. Førdekonferansen 2015 går over ein dag, torsdag 2. juli kl. 10.30 - 16.30, og vert arrangert på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa.