Ny stemme i Vocal ConneXions

Julie Fowlis som mellom anna skulle vere med i temaprosjektet Vocal ConneXions på festivalen, har dessverre måtta melde forfall på grunn av sjukdom.  –Vi beklagar sjølvsagt dette sterkt, seier dirtektør Hilde Bjørkum. Ikkje minst er dette leit for Julie Fowlis, som hadde sett fram til å komme tilbake til Førde i år og delta i det heilt spesielle vokalprosjektet.

Etter at festivalen fekk meldinga om forfall frå den skotske stjerna, har leiinga sett apparatet i sving for å få på plass ein ny songar. –Det har vi utruleg nok lukkast med, og er verkeleg glade for at bulgarske Daniela Stoichkova er sporty og tek utfordringa på strak arm. Ho kjem til Førde på ultrakort varsel og kjem til å fylle plassen sin i Vocal ConneXions på ein framragande måte, fortel Hilde Bjørkum. På same måte som Gergana Dimitrova, er Daniela Stoichkova ei av stemmene i verdskjende Eva Quartet, som hadde suksess på festivalen i 2009. Dei andre stemmene i Vocal ConneXions er Unni Løvlid, Gergana Dimitrova, Ulla Pirttijärvi og Annie Ebrel. Produsent for konserten er Grethe Pedersen, dirigent for Det norske solistkor, så dette er eit prosjekt det knyter seg stor spenning til. –Forventningane våre er høge, og eg gler meg veldig til å høyre desse sterke stemmene i kyrkja, seier ein letta direktør.

Og også på Sommarnatt på Jølster torsdag kveld har festivalen lukkast i å finne erstattar for Fowlis. Her kan du glede deg til å høyre den svenske folkemusikkyndlingen Ulrika Bodén.