Direktøren sitt dop: Dansen!

Dans var reine dopet for meg i mange år, eg berre måtte ha det!  Og det er jo ikkje så farleg, for dans er jo verkeleg sunt «dop» – både for kropp og sjel. Og dansegolvet er dessutan ein usannsynleg god sjekkearena!

 -Under festivalen ynskjer vi både at folk skal få oppleve gode danseprestasjonar på scena, og at dei skal få oppleve dansegleda ved å delta i den sosiale dansen.  Kvar kveld går dansen på det gode dansegolvet i Festsalen i Førdehuset, til nokre av Norges beste dansemusikarar, fortel direktør Hilde Bjørkum og utdjupar:

- Det er verkeleg ein kunst å vere nettopp det; nokre musikarar har ei eiga evne til å få til denne eggande, uimotståelege måten å formidle musikken på som gjer det nesten umogleg å sitte stille! Den evna er ikkje alle musikarar forunt, men dei som har den blir fort populære mellom dansarane, mellom anna gjeld det «vår eigen» Sigmund Eikås frå Jølster, som er ein legendarisk dansespelemann – og var ein av pionerane bak festivalen.  I hans ånd byr festivalen opp til dans med landets fremste spelemenn og –kvinner på scena: Øyvind Sandum trio, Firda Spelemannslag, landsfestivalvinnar Bjørkås kvintett og sist, men ikkje minst Eikås sitt eige lag; Indre Sunnfjord Spelemannslag.

- Eg har dansa sidan eg var lita jente og lærte mine første dansesteg på kjøkengolvet heime. Eg trur den sterke, nærast ekstatiske gleda over å kunne røre seg til god dansemusikk er sterkt underkommunisert. – Det å kjenne korleis rytmane kan drive deg framover, meistringskjensla ved å greie å utføre nokre intrikate dansetrinn og vendingar du har øvd på, å få til nokre steg du nettopp har lært, eller fridomen ved berre å improvisere og røre seg fritt til musikken, det er jo rett og slett fantastisk, og noko eg unner alle å oppleve!, avsluttar den dansande direktøren.

 

Denne teksten er henta frå festivalmagsinet.