Janusz Prusinowski har skapt ein polsk renessanse

Den prisvinnande artisten og komponisten, Janusz Prusinowski, er ein ekte superhelt. Han har redda den tradisjonelle mazurka-musikken frå ein sakte død og eit ufortent dårleg rykte.

I løpet av dei siste åra har det vore ei bølgje av interesse for tradisjonsmusikk i Polen. Det har utvikla seg ein arena der unge musikarar, gjerne frå byen, møter eldre spelemenn dedikerte til mazurka-sjangeren frå innlandet. For knapt ti – tjue år sidan ville dette vore utenkjeleg. Under Sovjet-tida vart folkemusikk aktivt brukt i kommunistisk propaganda. I Polen førte dette til at tradisjonelle tonar vart forbunden med politikk og eit autoritert regime. Naturleg nok gjorde dette folkemuskken svært upopulær i mange kretsar, og stadig færre ville høyre eller spele denne typen musikk. Janusz Prusinowski er ein av dei som skal ha æra for at denne trenden har snudd.

Som ung og lovande musikar drøymde Prusinowski om å studere komposisjon i Krakow. Denne planen endra seg då han for snart tredve år sidan ramla over ein dokumentarfilm av den kjende kunstnaren, Andrzej Bieńkowski. På 70-talet etablerte Bieńkowski eit atelier i landsbyen Ulaski Grazmiackie. Her vart han kjend med ei rekke eldre musikarar som var fødde rundt slutten av første verdenskrig. Dei spelte tradisjonell mazurka-musikk, og mange av dei, for eksempel Jan Gaca, skulle vise seg å vere store kunstnarar innanfor denne sjangeren. Likevel var det ingen som viste interesse for å høyre på dei. Ikkje ein gong i deira eigen landsby. På denne tida hadde folkemusikken allereie fått svært låg status, ikkje minst i intellektuelle og kunstneriske kretsar. Bienkowski meinte likevel at han sto overfor ein skatt som var altfor verdifull til å smuldre vekk. Det enda med at han sette både rykte og karriere på spel ved å begynne å dokumentere mazurka-tradisjonen.

Eit par tiår seinare skal Bienkowski sitt arbeid endeleg få skikkeleg avkastning. Orsaka er først og fremst det store talentet og den overbevisande entusiasmen til Janusz Prusinowski, som valde å vie livet sitt til dei vekkgøymde tonane frå innlandet. - Kvifor vi bør ta vare på folkemusikken? Spør han retorisk. Det er som å spørje om kvifor tradisjonar er viktige. Når det kjem til musikk, er svaret ganske enkelt: Vakker musikk bør spelast og dansast til.

Likevel innrømmer Prusinowski at han har møtt på mange utfordringar i arbeidet sitt. - Eg har ofra mykje. Det har ofte vore lite pengar i pungen, og eg har måtte brukt mykje tid og krefter på å få liv i ei verd som var i ferd svinne henn. Av og til kjennest det som om eg burde vere flau når eg fortel at eg speler folkemusikk og tradisjonell polka. Folk rynkar på nasen og tenkjer med ein gong på musikken som vart produsert under kommunismen. Når folk ikkje veit kva denne musikken faktisk er, så set dei heller ikkje pris på den.

Trass i skepsis frå uvitande, har Prusinowski motteke fleire utmerkingar og prestisjetunge prisar. Han har starta opp ein mazurka-festival i Warsawa, som i april gjekk av stabelen for sjette gang. I tillegg turnerer han verda over, og har på den måten gjort den polske mazurka-tradisjonen kjend langt utover dei polske landegrensene.

Janusz Prusinowski Kompania har konsert laurdag 4. juli kl. 18.30 - og til Førde har dei også med seg den verdskjende pianisten Janusz Olejniezcak, frå filmen Pianisten. 

Intervjuet er gjort av Araceli Tzigane for El Pais - og omsett til norsk av Kamilla Mygland Storaker.