Førdefestival i beste sendetid

Eitt av Stian sjursen takle sine høgdepunkt - KORK-konserten i oPERAHUSET PÅ EID.  fOTO: ØYSTEIN tORHEIM 

Eitt av Stian sjursen takle sine høgdepunkt - KORK-konserten i oPERAHUSET PÅ EID.  fOTO: ØYSTEIN tORHEIM 

-Opningskonserten har ei fantastisk artistliste, profesjonell produksjon og den perfekte vertinna. I NRK har det berre vore begeistring i prosessen fram mot beslutninga om å sende konserten ut til sjåarane i vår aller beste sendetid: Laurdag kveld på NRK 1.


Stian Sjursen Takle er tilbake i stillinga som journalist i NRK Sogn og Fjordane, etter at han i fjor vikarierte som arrangementssjef i Førdefestivalen, i jubileumsåret. Også då vart opningskonserten sendt på fjernsyn, men utan særleg redigering same kveld på NRK 2.
–Tilbakemeldingane var likevel overveldande, fortel Takle. Både internt i NRK og frå sjåarane. -Difor har det vore stor oppslutning om satsinga på å bruke materialet til ein meir bearbeidd tv-produksjon av konserten, forklarar han. 


- I TV-programmet vil vi vere opptekne av å kunne formidle historiene artistane kan fortelje, slik at musikken kan få større meining for publikum. Difor er Sigrid Moldestad den perfekte vertinne, smiler Stian Sjursen Takle. Ho har ei eineståande formidlingsevne og ho bryr seg verkeleg om publikum.

I tillegg til å koordinere tv-produksjonen frå opningskonserten for NRK, har Stian Sjursen Takle ei anna stor oppgåve under festivalen, ei oppgåve som er blitt ei hjartesak for den populære programleiaren:
-Det starta for ein del år tilbake, vi hadde ei tom sending. Redaktøren sa til meg: -Kan du ikkje lage eit program om platene som blei gitt ut i fylket vårt i fjor? Eg såg for meg ein liten bunke, men han la eit heilt lass på pulten min! –Det er ei utfordring å vere musikar i distriktet, forklarar Stian.

Det er god grunn til å gjere ein innsats for å løfte fram våre eigne artistar. Det eine programmet vart til fleire, snart utvikla det seg til å omfatta konsertar, kåringar og meir under
namnet LUTT: NRK Sogn og Fjordane si satsing på å løfte fram musikarar frå fylket. –Siste høgdepunkt var sendinga frå Åmot operagard med Sigrid Moldestad på påskeaftan. Til
sommaren kjem eit nytt: Då lagar vi FOLKELUTT på Torgscena i Førde sentrum, gratis for alle og med både store stjerner og unge talent på scena, fortel Stian Sjursen Takle.


-Gleda over å syne fram dei dyktige artistane våre er ein stor motivasjon. –Men det kjekkaste er kanskje å sjå kor stor pris publikum set på opplevingane det gjev dei. Eg har fått klemmar frå tårevåte kjakar frå folk eg ikkje kjenner. Dei finn ikkje ord når dei skal takke. Eg kan vere
så sliten etter veker med detaljplanlegging og ei krevjande gjennomføring, men slikt betyr enormt mykje for meg! Då er eg straks klar for å ta nye tak, og eg trur gratiskonserten i Førde sentrum vil innebere mange slike nye, gode møter mellom publikum og artistar.

- Eg skulle gjerne vore artist sjølv, eg! Det var ein draum då eg var liten. Eg gjekk på orgelkurs og greier. Men eg hadde ikkje nok tålmodigheit, eg er redd talentet heller ikkje var stort nok, ler programleiaren. Som fann seg ei anna hylle. Den rette!

 

Dette intervjuet er gjort av Janne Karin Støylen og står på trykk i årets festivalmagasin.

Torill Gundersen