Sigrid Moldestad: I det store stille universet

Heilt sidan eg byrja med musikk har møtet vore viktig. Oppdaginga av at folkemusikk hadde slike sosiale bonusar, både lokalt og internasjonalt har sidan vore bensinen i spelemannshjartet mitt.

Musikken gjer oss alderslaus fordi den bind oss saman på tvers av alt. Eg kjende det som lita jente i møtet med spelemannslaget. I trioen eg og venninna mi hadde med gamle Sigvald då vi var 13 år. I krigsherja Libanon som 16 åring med fela i handa og bunadssølv under splintvesten. Soldatar med heimlengt og interessert lokalbefolkning kjende seg igjen i våre tonar. Musikk seier det orda ikkje kan og lagar nye filmar i den som tek i mot. Skapt av noko gjenkjenneleg,
men blanda med nye assosiasjonar og stoppestadar. Utan mottakar er musikken i seg sjølv ganske stille.  ”Kva verd har vel det om eg ikkje har nokon å gjeva det til?” skreiv diktaren Jan-Magnus Bruheim. Vi veit korleis den kjennes ut, den trygge møtande kjensla av å høyre til.  

Eg forelskar meg lett. I musikk -og musikarar. Ikkje sånn romantisk forelska, men eg samanliknar ofte kjensla; å bli øsa over å høyre nokon som er bra, å få blande mine tonar med andre sine. Den intime tonesamtalen. Galskap og glede. Eg har hatt mange forelskingar på Førdefestivalen. Det er difor eg har tilbragt uttallige festivalnetter på Sunnfjord Hotel. Saman med nye vener har eg jaga frå lobbyen via bar og bibliotek til overfylte hotellrom for å spele og høyre. Som døgnfloger som må leve akkurat no. Vi veit at i morgon kan det vere over. Då fer alle sin veg. – eg ber med dette om unnskyldning til frustrerte nattevakter vi har irritert på vår veg leitande etter den optimale jammen. Og eg er glad for at festivalen i år har gjort slike 
møter til årets tema.

”Connexions” har eigentleg alltid vore tema syns eg. For når verda kjem til Førde, då blir verda meir samanvevd: Musikarane svermar. Publikum deler magiske stunder. Dei frivillige kjenner felleskap. Før møter no og folkemusikk kjennes viktig! Viktig for store ord som respekt, forståing, fred & kjærleik. Det er ei stor ære for meg å bli spurt om å leie publikum og sjåarar gjennom Opningskonserten 2015. Det kjennes alltid som å kome heim å vere her. Eg gler meg til nye møte. Finn deg ein musikalsk flørt du også og kjenn på felleskapen i det å vere menneske på den lille blå musikalske planeten i det store stille universet.

God Festival!

 

Sigrid Moldestad har skrive denne helsinga til årets festivalmagasin.