Knutepunktevalueringa: Førdefestivalen innfrir med glans!

Kulturdepartementet si evaluering av Førdefestivalen som knutepunktfestival er avslutta, og konklusjonen etterlet ikkje nokon tvil: Førdefestivalen fyller sine formål på en meget god måte og fremstår som kunstnerisk ledende på sitt felt i nasjonal sammenheng, samtidig som den kan hevde seg godt internasjonalt. Sagt på ein annan måte: Førdefestivalen innfrir knutepunktoppdraget med glans!

Den positive evalueringa av festivalen vart også understreka i møtet med departementet i midten av august. Her var også fylkesdirektør for kultur, Ingebjørg Erikstad, og kommunalsjef for kultur i Førde, Trond Ueland, til stades, saman med styreleiar Kristin Hille Valla og direktør Hilde Bjørkum. –Med utgangspunkt i den positive evalueringa festivalen har fått frå alle partar, vart dette sjølvsagt eit svært positivt møte, seier Bjørkum. –Eg blir både stolt og glad når eg ser tilbakemeldingane vi har fått gjennom denne prosessen. Det viser at vi faktisk har tenkt rett når vi har satsa på å skilje oss ut i festivaljungelen. Vi har vore tydelege i profilen vår, satsa beinhardt på kvalitet, og teke knutepunktoppdraget vårt på høgste alvor. Evalueringa syner at vi har lukkast med strategien vår. Og festivaldirektøren får full støtte frå kommunalsjef Trond Ueland: Det er veldig kjekt å få stadfesta også frå kulturdepartementet at vi har ein av dei mest profesjonelle, nyskapande og stødige festivalane i landet. Kulturpolitisk er det òg særleg viktig at vi har profesjonelle kulturinstitusjonar i vår del av landet. Førdefestivalen har evna å setje oss på det internasjonale kartet og sikrar at vi òg i Førde og Sogn og Fjordane er med i den kulturelle elitedisjon.

Bakgrunn for evalueringa

Som eit ledd i kulturdepartementet si evaluering av knutepunktinstitusjonane, fekk Kulturrådet i vår i oppdraget med å evaluere fleire knutepunktfestivalar. Kulturrådet skal særleg vurdere den kunstnarlege sida av festivalane særleg i lys av kriteria «kunstnarleg leiing» og «nyskapande og utviklingsorientert». Andre partar ser på festivalane sine resultat etter desse kriteria: Forankring til ein stad. festivalaktivitet kvart år, koordinering og samarbeid, nasjonal og internasjonal orientering, publikumsutvikling, god ressursutnytting og regional medverknad.

Evalueringa av Førdefestivalen var planlagt å skje i 2014, og det er festivalen i åra 2010-2013 som ligg til grunn for vurderingane som er gjort. I prosessen vert festivalen vurdert av andre knutepunktfestivalar, av samarbeidspartar på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå, og av fylkeskommune og kommune. I tillegg tingar departementet omfattande dokumentasjon frå festivalen sjølv.

 

Om evaluering av knutepunktfestivalar – på Kulturrådet sine sider: 
http://kulturradet.no/nn/musikk/vis-artikkel/-/vurderer-knutepunktfestivaler

Oversikt over knutepunktfestivalar – med tildeling i 2014: 
http://www.regjeringen.no/nb/dep/kud/tema/kultur/knutepunktfestivaler.html?id=562959