Keltisk sommarfest i parken!

Musikken frå dei grøne øyane vest i havet kling godt i norske øyre. Irsk folkemusikk er kanskje den mest populære her til lands, utanom vår eigen. Fredag kveld inviterer festivalen til ein festkveld av dei sjeldne på Festplassen. Og blunkar til folk i Florø med eit frieri: Buss til og frå!

Frå Waterford, Kerry, Dublin og Donegal i Irland kjem dei, Danú. Gruppa er rekna som verdsleiande innan irsk folkemusikk i dag. Dei  byr på heftig reel og stemningsfulle balladar; irsk folkemusikk på sitt aller beste. Dei spelte på festivalen i 2002, og no er dei altså klare for ein ny visitt. Fiddlers’ Bid er eit forrykande band som held i hevd den rike feletradisjonen frå Shetland. Dei fire felespelarane i front er blant dei beste Shetland kan by på: Chris Stout, Kevin Henderson, Andrew Gifford og Maurice Henderson, og med seg dei harpisten Catriona McKay, gitaristen Seán Óg Graham og bassisten Neil Harland.

Så kvifor festivalbuss frå Florø? - Jau, fordi vi så gjerne vil at fleire skal få oppleve stemninga på festivalen, seier kommunikasjonssjef Torill Faleide. Vi har gjeve Florø-publikummet eit par gode konsertopplevingar i Florø, så no håpar vi at vi kan lokke endå fleire til å komme TIL festivalen. Vi veit at publikum i vår vestlegaste by har eit nært tilhøve til musikken frå øyane lenger vest. Som kjent høyrde Shetland tidlegare til Norge, og framleis er det tette band. Hovudstaden Lerwick ligg nærare Bergen enn Edinburgh, og mange namn på Shetland stammar frå Norge. Slik også med musikken, her er klar slektskap den norske og den shetlandske tradisjonsmusikken.

Det er berre å kle seg til fest og møte ”slekta”! Vi lovar ekslusiv mottaking når bussen kjem fram til Førde, smiler Torill Faleide lurt.