Førdefestivalen i italiensk reiselivsmagasin

Under tittelen "Heile verda spelar i Førde", presenterer det italienske reiselivsmagasinet Bell'EUROPA Førdefestivalen med tekst og foto over 9 sider i sitt siste nummer. Reportasjen er eit resultat av journalisten Filippo Cerrino og fotografen Gabriele Croppi sitt besøk i Førde på jubileumsfestivalen i 2014. I tillegg til festivalen, fekk dei to også lagt ein tur innom Balestrand og Lodalen når dei var i området. Artikkelen har sjølvsagt også med opplysningar om korleis folk kjem seg til Førde, og ei rekkje tips om kva du kan oppleve når du er her. 

HER er pdf av artikkelen

Bell'EUROPA har eit opplag på nesten 86000, og lesartalet er 756000. Ut frå annonseprisar i magasinet, vert verdien av reportasjen rekna til nesten 2 mill NOK. Cerrino og Croppi deltok i programmet for internasjonal presse og bransje under festivalen. Dette programmet er eit samarbeid mellom festivalen, Utanriksdepartementet, Music Norway og Fjord Norge, og var også støtta av Innovasjon Norge sitt turistkontor i Milano.