Hilde Bjørkum - ny leiar for Norske Festivaler

På årskonferansen for Norske Festivaler som gjekk av stabelen i Molde 12.-13. februar, vart direktøren for Førdefestivalen, Hilde Bjørkum, vald til ny leiar. Hilde Bjørkum har vore nestleiar i styret i siste periode, men tek no over leiarvervet etter Svein Eriksen.

Norske festivaler er ein medlemsorganisasjon for kulturfestivalar i Norge. 77 festivalar er medlemar, og formålet med nettverket er å styrke posisjonen for kulturfestivalane gjennom kompetanseutvikling, kunnskapsproduksjon og formidling.