-Dette er verre enn vi frykta!

Hilde Bjørkum - Foto: D. Reiakvam

Hilde Bjørkum - Foto: D. Reiakvam

Pressemelding onsdag 7. oktober 2015

Rykta om at knutepunktordninga stod for fall i det komande statsbudsjettet, viste seg å halde stikk. Med unntak av Festspillene i Bergen og Festspillene i Nord-Norge, har regjeringa valt å stryke den direkte støtta til 13 av i alt 16 knutepunktfestivalar som i dag har knutepunktstatus. – Statsbudsjettet er meir brutalt enn eg på nokon måte venta, seier direktør Hilde Bjørkum i Førdefestivalen.

«Førdefestivalen innfrir med glans» var tittelen på pressemeldinga som gjekk ut frå festivalen i september 2014, etter at Kulturdepartementet hadde avslutta evalueringa av festivalen sitt knutepunktoppdrag. Konklusjonen i evalueringa var: Førdefestivalen fyller sine formål på en meget god måte og fremstår som kunstnerisk ledende på sitt felt i nasjonal sammenheng, samtidig som den kan hevde seg godt internasjonalt. – Vi undrar oss over at Kulturdepartementet har lagt så lite vekt på kvalitetskriteria i omtalen av knutepunktordninga i samband med Statsbudsjettet. I dag spør vi oss om Kulturdepartementet i det heile har teke omsyn til den omfattande evalueringa, seier direktør Hilde Bjørkum.

Brutal endring
I framlegget til statsbudsjett for 2016 er heile knutepunktordninga lagt ned. Med eit pennestrøk. –Trass i at vi var førebudde på endringar, er dette langt meir brutalt enn vi hadde venta, seier  Bjørkum. - I staden for «justeringar» som var varsla på førehand, har regjeringa gjort kort prosess og overført potten til knutepunktordninga til Norsk Kulturråd. Dei einaste føringane er at nivået på festivalstøtta skal vere på nivå med 2015 neste år.

I realiteten har dei jo vidareført ei slags «Knutepunktordning», berre med tittel som «nasjonale institusjonar» ved å la to festivalar vere igjen under Kulturdepartementet. – Det er heilt urimeleg, meiner Bjørkum.  Enten må dei overføre alle festivalane til Kulturrådet, og lage ei skikkeleg og føreseieleg ordning der, eller så må fleire festivalar inn som «nasjonale institusjonar» under Kulturdepartementet. 

Kulturelle fyrtårn
Bjørkum er skuffa over at regjeringa ikkje ser verdien av å ha kulturelle fyrtårn utanfor dei store byane. –Førdefestivalen er i høgste grad ein nasjonal institusjon og med eit samfunnsoppdrag som er viktigare enn nokon gong, nemleg det å vise kulturmangfaldet og -rikdomen i verda og ikkje minst ta vare på, utvikle og vere utstillingsvindauge for vår eigen kulturarv, seier ho og legg til at Førdefestivalen dei siste åra også har hatt internasjonal gjennomslagskraft: I 2014 kom festivalen på 10 på topp lista til The Guardian over Europas beste småbyfestivalar og i 2015 vart festivalen lista på National Geographic Travel si topp-sju-liste over musikkfestivalar i Europa uansett sjanger. I begge desse rangeringane var Førdefestivalen einaste norske festival på lista.

Vonar på tverrpolitisk mobilisering
I forslaget til Statsbudsjett står det heller ingenting om avtalen som no gjeld for knutepunktfestivalane i høve til bidrag frå fylkeskommune eller kommune.  – Dette er endå eit usikkert moment. Eg vonar at politikarane våre ser kor viktig det er å ha Førdefestivalen som eit arrangement med internasjonal gjennomslagskraft og publikum frå alle kantar av landet, og opprettheld støtta til festivalen. Det er jo viktig både for kultur- og næringsliv i regionen vår, seier ho. – Eg vonar òg at dei no mobiliserer kraftig for å sikre kulturelle fyrtårn på nasjonalt nivå også utanfor dei store byane, seier Bjørkum.