Samarbeid med Hafstad VGS

Elevar lagar dekorasjon til Bornas Verdsdagar Førde

Ein av dei mange samarbeidspartane festivalen knyter til seg for å få til Bornas Verdsdagar Førde, er formingslinja ved Hafstad vidaregåande skule. Dette samarbeidet starta i 2010, då BVD vart arrangert første gong. Den gongen var elevane knytta til og Jølster vgs som heldt til på Vassenden, medan linja no er flytta til Hafstad vgs. Denne linja har klasseromma sine i Førdehuset, og det er jo praktisk både når dekoren skal riggast - og når det skal ryddast etter arrangementet. 

Kinesisk eventyr

I år skal elevane dekorere verkstaden som har namnet Dragen Pan-Gu. Verkstaden er ein rytmeverkstad, der det kinesiske eventyret vert fortalt ved hjelp av rytmar. Inspirasjonen til dekoren har elevane sjølvsagt henta frå Kina. 

Her kan du lese saka som Grete Roska ved medielinja på Hafstad har laga om dette samarbeidet.