Rekord på Bornas Verdsdagar Førde – igjen!

Fullt fokus på FRIKAR-ninja med Anders Aaberg. Foto: Førdefestivalen / Arve Ullebø

Fullt fokus på FRIKAR-ninja med Anders Aaberg. Foto: Førdefestivalen / Arve Ullebø

2800 innom det populære arrangementet i Førdehuset

Laurdag gjekk det femte Bornas Verdsdagar Førde-arrangementet av stabelen i Førdehuset, og i alt var rundt 2800 personar innom dørene i dei timane verkstadane og aktivitetane var opne. – Talet på deltakarar har auka kvart år, og vi er sjølvsagt strålande fornøgde med å få så stor oppslutnad, seier Torill Faleide, kommunikasjonssjef ved Førdefestivalen. – Det er ei glede for alle som er med og arrangerer, og det er ikkje tvil om at Bornas Verdsdagar er eit viktig arrangement for den fleirkulturelle byen vår!

Frå ordførar Olve Grotle opna den fargerike familiefestivalen, og til dei sju verkstadane avslutta fire timar seinare, syda Førdehuset av små og store i alle aldrar. På verkstadane fekk dei spele fele med Sigmund Eikås, danse ninja-halling med Anders Aasberg og bollywood-dans med Navreet Kaur. På songverkstaden lærte Kari Malmanger bort songar om dyr, og på ein annan verkstad introduserte Raymond Sereba dei minste for afrikanske rytmar og rørsler.

– Verkstadane er eit møte med både norsk kultur og kulturar frå andre land. Alle hadde godt besøk heile dagen og det flotte er at så mange prøvar så mykje forskjellig, seier Faleide. Ho trekkjer i tillegg fram den internasjonale kafeen Fargerike Førde som dei siste åra har vore ein viktig del av Bornas Verdsdagar. Dette er eit eksotisk innslag, som svært mange set pris på. Blant borna er både ansiktsmåling og hårfletting populære aktivitetar. –Dette ser ut til å bli gjengangarar Bornas Verdsdagar Førde; jentene elskar å bli fletta, og alle born ser ut til å elske å bli måla i ansiktet! 

Bornas Verdsdagar Førde er eit samarbeidsprosjekt mellom Førdefestivalen, Rikskonsertane, Førde kommune kultur, Frivilligsentralen, Bergum Mottakssenter, Fargerike Førde, UWC i Flekke, barnehagar og skular i Førde.