Bornas Verdsdagar Førde for femte gong

På Frikar-ninja verkstaden får du lære deg nokre ekte ninja-triks av Anders Aasgard i FRIKAR.

På Frikar-ninja verkstaden får du lære deg nokre ekte ninja-triks av Anders Aasgard i FRIKAR.

Laurdag 15. november - frå kl. 11.30-16.00

Bornas Verdsdagar Førde nærmar seg, og laurdag 15. november er det femte gong Førdefestivalen og gode samarbeidspartar inviterer born i alle aldrar til denne myldrande og fargerike festivalen i Førdehuset. Her vert det miniverkstadar og aktivitetar, den internasjonale matfestivalen Fargerike Førde, og Verdsscena, med musikk-, song- og danseinnslag frå ulike kantar av verda. 

Frå FRIKAR-ninja til Bollywood

Verkstadane, som er på 20 minuttar og går to gonger kvar time, er gratis. Dette er fordi så mange som muleg skal få delta. Verkstadane er tilpassa born i ulike aldrar, og går føre seg i rom som er dekorerte for å skape den rette stemninga i høve til aktiviteten. -Dekorasjonane er det skular og barnehagar som lagar og monterer for oss, og vi gler oss like mykje som alle andre til å sjå det endelege resultatet, seier Ingebjørg Nomeland, som er BVD-ansvarleg på Førdefestivalen.

I år står mange spennande verkstadar på programmet: FRIKAR-ninja med hallingdansen Anders Aasberg frå FRIKAR, Bollywood med den indiske dansaren Navreet Kaur, Afrika-mini, med Raymond Sereba, Dragen Pan-Gu, med Dimiter Stoianov, songverkstad med Kari Malmanger og feleverkstad med Sigmund Eikås. I Eventyrhola på Førde bibliotek, får du høyre spennande eventyr frå fleire kantar av verda. 

Popoulære aktivitetar 

I tillegg til verkstadane er det ei rekkje aktivitetar rundt i vrimlearealet på Førdehuset. Hårfletting er svært populært. Det same er ansiktsmålinga og teiknekroken. Desse aktivitetane er det sponsorane til festivalen som står for, BoB (bustadbyggelaget) er ansvarleg for ansiktsmålinga, og Sunnfjord Energi organiserer teiknekroken. I biblioteket kan du også få namnet ditt skrive på eit framand språk. 

Internasjonal matfestival og verdsscene 

I festsalen vert det også i år høve til å kjøpe mat frå alle kantar av verda, når Frivilligsentralen og Bergum mottak arrangerer sin populære internasjonale «matfestivalen» Fargerike Førde, saman med innvandrar frå heile Sunnfjord. Frå «Verdsscena» i festivalen vert det små og store programinnslag med musikk, song og dans. 

Bornas Verdsdagar Førde er eit stort samarbeidsprosjekt. Førdefestivalen er initiativtakar og har prosjektleiinga for arrangementet, men hadde ikkje klart dette utan viktige samarbeidspartar som Førde kommune, Frivilligsentralen og Bergum Mottak, barnehagar og skular i Førde og United World College i Flekke. 

Les meir på Bornas Verdsdagar-bloggen

Bornas Verdsdagar på Facebook.

Sjå FRIKAR-videoar på You Tube