Overnatting under Førdefestivalen
Førdefestivalen har ikkje noko bookingkontor når det gjeld overnatting og andre tenester i Førde i festivalveka.Dersom du er på jakt etter overnatting i Førde under festivalen, er det viktig at du tek kontakt direkte med hotellet eller overnattingsstaden, i staden for å prøve å reservere overnatting på nettet.
Privat overnatting - sjekk på finn.no
Førdefestivalen har gjennom avisoppslag oppmoda folk i Førde om å leige ut hus og husvære som evt står tomme under festivalen. Legg ut ein annonse på den største marknadsplassen i Norge, Finn.no.
Reisemål Sunnfjord har oversikt over overnattingsstadar i Sunnfjord. www.sunnfjord.no