Enkelt å finne fram
Kjem du med bil til Førde, skal du følgje skilt til Førdehuset. Her finn du Festivalkontoret som handterer billettsalg, sentralbord, publikumsinformasjon og kurspåmelding.
Kvar er konsertane?
Førdehuset er hovudarena med fleire salar, og i tillegg blir det arrangert konsertar på mange andre arenaer i og utanfor Førde. Sjå arenakart for fullstendig oversikt.
"Sitjande sal"
Med få unntak er det sitjande sal på konsertane, og festivalen tilbyr nummererte billettar i Idrettshallen i Førdehuset. Alle andre konsertarenaer har unummererte plassar.
Startar presis
Vi har eit tett program, og legg stor vekt på å starte konsertane presis. Publikum som kjem for seint til ein konsert vil sleppe inn under applaus.
Meir om Førdehuset:
Førdehuset er eit av Noregs eldste Kulturhus. Det vart oppført i 1976, med restaurering og påbygging i 1997. Her er symjehall, 2 kinosalar med daglege framsyningar, idrettshall, teater, bibliotek, kunstgalleri. I Førdehuset foregår det mykje heile året - konsertar, idrettsarrangment, konferansar, dansegalla etc - og Førdehuset er også hovudarena for det største arrangementet i Førde - som er Førde Internasjonale Folkemusikkfestival. Les meir på Førde kommune sine heimesider.
Om Førde
Førde er ein by med 11000 innbyggjarar, og ligg sentralt i Sogn og Fjordane. Førde ligg inst i Førdefjorden, og området heiter Sunnfjord. Førde og kommunane rundt har mange aktivitetar å by på. På Reisemål Sunnfjord finn du informasjon om andre arrangement. Turistinformasjonen i Førde er open kvar dag frå 24. mai. Informasjon om denne ligg også på www.sunnnfjord.no