UTLA - Håkon Høgemo, Terje Isungset og Karl Seglem.

UTLA - Håkon Høgemo, Terje Isungset og Karl Seglem. Foto Knut Utler.

FolkJazzScena: UTLA i Førde - Seglem, Høgemo, Isungset

fr 21 sep 2012

Vaksne kr 220 / Frivillige kr 120 / Born kr 50 / BOiVEST-medl kr 180.

Trioen Utla må reknast som eit føregangsband når det gjeld improvisasjon kopla med tradisjonell norsk folkemusikk. Dei debuterte på CD i 1994 med ”Juv”, og har sidan gjeve ut ”Brodd” (1995), ”Dans” (1999) og ”Song” (2001). Bak dei konsise titlane finn vi musikk som rører seg mellom folkemusikk, jazz og verdsmusikk, der det óg er mykje rom for eksperiment og improvisasjon.

Folkemusikk i botn

Den tradisjonelle hardingfelemusikken frå vestlandet ligg i botn av Utla sitt unike uttrykk.Utla består av den doble Spellemannpris-vinnaren Håkon Høgemo (hardingfele), Terje Isungset (munnharpe, slagverk, perkusjon) og Karl Seglem (tenorsax, bukkehorn).

Også internasjonalt har Utla hausta mykje ros. Vi kan som eit døme på dette trekka fram denne omtalen frå The Wire: "Instead of Garbarek-like wide open spaces, Utla create a dense, almost martial feel: Dance music for medieval armies of fighting monks, perhaps?”.

Og dette frå RootWorld:"This trio is like little else in the Nordic musical scene. They generate their power by sheer will and human force, eschewing studio trickery for simple, raw energy".

Fliflet: "Fugl Fønix flyr!"

”Fugl Fønix flyr!” var den poetiske tittelen Gabriel Fliflet i Columbi Egg sette som overskrift for ein konsert i Bergen i fjor - og vidare stod det å lesa: "Året 1992 kom trioen Utla til verden med et brak. Lyden av braket varte ganske lenge, men nå har det vært stille noen år. Endelig smeller de til igjen! Håkon Høgemo, Terje Isungset og Karl Seglem er alle blant Norges mest særpregede musikere. Utla er deres særpregede felleshus, hvor tradisjon møter improvisasjon - og det meste kan skje.” GF.