Hausten på FolkJazzScena

må 03 sep 2012

UTLA, Mambo Companeros og Aasmund Nordstoga

Det er klart for ein ny sesong på FolkJazzScena, Førdefestivalen si heilårlege scene for folkemusikk, verdsmusikk og jazz. Øvst på plakaten står UTLA, trioen som er kjend for å skape musikk nettopp i grenselandet mellom desse tre sjangrane. Med folkemusikk i botnen, først og fremst representert ved Håkon Høgemo sitt felespel, slepper UTLA fram både improvisasjon og impulsar frå andre kulturar i sin musikk.

Karl Seglem, Håkon Høgemo og Terje Isungset gav ut den første UTLA-plata i 1994. Den hadde tittelen Juv. Sidan kom platene Brodd, Dans og Song.

No er dei endeleg på vegen igjen, og Førdefestivalen har kapra dei tre eminente musikarane til to konsertar i Sunnfjord. Den første vert arrangert på Haavebua i Florø torsdag 20. september i samarbeid med Florø Rockeklubb, og den andre i Haarklousalen på Førde kulturskule dagen etter, fredag 21. september.

Salsafest i oktober

I oktober har vi satsa på ein skikkeleg salsa- og latinokveld med med åttemannsorkestret Mambo Companeros. Åttemannsorkestret har eksistert sidan 1996, og er ute med sitt andre album Nuestra Manera. Her blir det både bolero, cha cha, mambo, merengue og salsa. Er du klar for ein festkveld med garantert dansemusikk, må du setje av laurdag 13. oktober og ta turen på Rica Sunnfjord Hotel & Spa.

Musikarane i Mambo Companeros er: Alexander Fernandez - song, perkusjon, Luison Medina - congas, song; Bjørnar Søreng - timbales, perkusjon; Magnus Forsberg – trommer; Kjetil Sandnes - bass, song; Kåre Kolve - saksofon, fløyte, song; Torgeir Andresen – trompet; Morten Huuse - piano, song.

Bornas Verdsdagar i november

Laurdag 17. november er det igjen duka for den fargerike familiefestivalen Bornas Verdsdagar i Førdehuset. Med fleire verkstadar og aktivitetar, musikk og mat frå heile verda, blir det herleg liv og røre i Førde si storstove.

Festivalen og dei mange samarbeidspartane er for lengst i gang med førebuingane til minifestivalen, der borna i år mellom anna vil få tilbod om flamenco, kinesiske rytmeeventyr, Celio i regnskogen og origami. Bornas Verdsdagar er eit gratisarrangement for born i alderen 1-100 år!

Julekonsert med Aasmund Nordstoga

I desember inviterer vi heile familien på julekonserten Tolv dagar i jola, med Aasmund Nordstoga og Abildsø Spelemannslag. Repertoaret er henta frå plata med same namn som kom ut i 2011. her blir det både dompapar, fjøsnissar, tomtegubbar og julepresangar. Eit barnekor frå Førde skal hjelpe Aasmund med å skape den rette julestemninga, og allsong blir det nok også, om vi kjenner Nordstoga rett. Datoen er fredag 14. desember, staden er Storsalen i Førdehuset

Billettsalet er i gang

Billettar til konsertane på FolkJazzScena (i Førde) kjøper du i Førdehuset tlf 57 72 19 00 eller på Servicetorget, tlf 57 72 20 00, eller på fordehuset.no.